Voss Hage og Anlegg AS er eit entreprenørfirma og anleggsgartnar som kan hjelpe deg med små og store prosjekter du har utomhus. Me utføre alt innan anleggsarbeider, opparbeiding og vedlikehald av hagar, parkar og leikeplassar på Voss, indre Hardanger og Sogn. På vinterstid tek me på oss brøyteoppdrag og strøing. Har du eit oppdrag du ynskjer utført? Ta kontakt med oss for ein uforpliktande synfaring og pristilbod.
Voss Hage og Anlegg AS har eit solid team av 14 dyktige fagfolk som alle har fagkunnskap og erfaring innan anleggsarbeid og opparbeiding av flotte uteområde.
Me er fagfolk med stor yrkesstoltheit og har stor fokus på kvalitet og ordentlig utføring av arbeid. Me er aldri fornøgd før kunden er fornøgd.
Vel du oss får du arbeidsfolk som du kan stole på. Me utføre alle våre oppdrag effektivt, ryddig og punktlig.
Voss Hage og Anlegg AS utføre alle typar entreprenøroppdrag innan anleggsgartnararbeid for privatkundar, bedrifter og offentlig sektor på Voss og i kommunane rundt.
Voss Hage og Anlegg har ein moderne maskinpark og avansert utstyr som gjer at vi får jobben gjort sikkert og effektivt.
Robuste gravemaskiner frå 1 til 25 tonn på belte og ein hjulmaskin på 18 tonn. Me har også eit utval av tilleggsutstyr som meisel, klyper og skuffer i dei fleste størrelsar.
Me har seks traktorar i ulik størrelsar. Desse vert brukt til massetransport, feiing, brøyting og anna forefallande arbeid.
Kraftige maskiner i små pakningar. Me har ein liten hjullaster og to beltedumpers som kjem til på dei mest vanskelige plassane og gjer at me får jobben gjort raskt og effektivt.
Me har komprimeringsutstyr frå 90 til 800 kilo. Maskiner som brukast til overflatekomprimering av alle type grunnlag.
Skal det bores hull i betong? Me har eit robust kjerneboringsutstyr for boring i alle typar betong, med og utan armering.
Voss Hage og Anlegg har ein moderne bilpark, med varebilar i forskjellige størrelsar.
Send ein førespurnad via kontaktskjema nedanfor eller ring oss på 902 54 691 for en hyggeleg prat om dine ynskjer og behov.