Din lokale entreprenør og anleggsgartnar

Alt innan hage- og anleggsarbeid på Voss, indre Hardanger og Sogn.

Totalleverandør av utomhusanlegg

Voss Hage og Anlegg AS er eit entreprenørfirma og anleggsgartnar som kan hjelpe deg med små og store prosjekter du har utomhus. Me utføre alt innan anleggsarbeider, opparbeiding og vedlikehald av hagar, parkar og leikeplassar på Voss, indre Hardanger og Sogn. På vinterstid tek me på oss brøyteoppdrag og strøing. Har du eit oppdrag du ynskjer utført? Ta kontakt med oss for ein uforpliktande synfaring og pristilbod.

Riktig kompetanse

Voss Hage og Anlegg AS har eit solid team av 14 dyktige fagfolk som alle har fagkunnskap og erfaring innan anleggsarbeid og opparbeiding av flotte uteområde.

Fokus på kvalitet

Me er fagfolk med stor yrkesstoltheit og har stor fokus på kvalitet og ordentlig utføring av arbeid. Me er aldri fornøgd før kunden er fornøgd.

Effektiv og ryddig

Vel du oss får du arbeidsfolk som du kan stole på. Me utføre alle våre oppdrag effektivt, ryddig og punktlig.

Me fiksar ditt uteområde

Voss Hage og Anlegg AS utføre alle typar entreprenøroppdrag innan anleggsgartnararbeid for privatkundar, bedrifter og offentlig sektor på Voss og i kommunane rundt.

Godkjent for ansvarsrett

Voss Hage og Anlegg AS er sentralt godkjent for ansvarsrett og innehar fagbrev og ADK.-sertifikat. Du kan vere trygg på at me har kompetanse, erfaring, gjennomføringsevne og system som er tilpassa det me drive med.

Vi er godkjent lærebedrift for anleggsgartner og maskinfører.

Ferdigstilte prosjekt

  • 2020 Oppbygging av veg, vegskulder og dreneringssystem i Bavallen for Presis Vegdrift.
  • 2019 Busstopp og slissrenner Svartenakken for Statens Vegvesen og Flage Maskin AS.
  • 2019 Rassikring, mur, og plastring av elveløp i Øye for Presis Vegdrift og Statens Vegvesen.
  • 2019 Leikeplass Gjernes skule for Unica i Voss Kommune.
  • 2019 Leikeplass/ treningspark for Unica i Eidfjord Kommune.
  • 2019 Grunn og VA-arbeid for påbygg til Lokstall i Flåm for OB Wiik og Bane Nord Eiendom.
  • 2018-2019 Sanering av oljelekkasje Voss trafikkstasjon for Statens Vegvesen.
  • 2018 Leikeplass/treningspark Sundve skule for Kompan Norge og Voss Kommune.
  • 2018 Treningspark Voss for Kompan Norge og Voss Kommune.
  • 2017 Utenomhusarbeid i Hangursvegen terrasse for Backe Bergen.
  • 2017 Lundhaugen Barnehage utført for O L Kythe AS og Voss Kommune.
  • 2016 Leikeplass ved Granvin skule for Kompan Norge og Granvin kommune.
  • 2016-2019 Dv. busstopp for Bulken maskin AS.
  • 2015 Kantstein og lederlinjer i Ringheimsvegen for T. Engene AS.
  • 2015 Muring og oppbygging av veg, skuleplass og Voss Parkeringshus. Utført for Backe Bergen AS.
  • 2015 Kantstein, plen, planting og lederlinjer i Bjørgum. Utført for Contexo AS.
  • 2014 Uteområde ved Vaksdal Heradshus utført for Vaksdal kommune.
  • 2013 Belegningsstein i Sivlevegen utført for Montasjekompaniet AS.

Blei du inspirert av jobbane vi har utført?

Ta kontakt med oss for ein triveleg prat om ditt neste prosjekt!

Kontakt oss

Maskiner og anleggsutstyr

Voss Hage og Anlegg har ein moderne maskinpark og avansert utstyr som gjer at vi får jobben gjort sikkert og effektivt.

Vår maskinpark

Gravemaskiner

Robuste gravemaskiner frå 1 til 25 tonn på belte og ein hjulmaskin på 18 tonn. Me har også eit utval av tilleggsutstyr som meisel, klyper og skuffer i dei fleste størrelsar.

Traktorer

Me har seks traktorar i ulik størrelsar. Desse vert brukt til massetransport, feiing, brøyting og anna forefallande arbeid.

Hjullaster og beltedumpers

Kraftige maskiner i små pakningar. Me har ein liten hjullaster og to beltedumpers som kjem til på dei mest vanskelige plassane og gjer at me får jobben gjort raskt og effektivt.

Komprimeringsmaskiner

Me har komprimeringsutstyr frå 90 til 800 kilo. Maskiner som brukast til overflatekomprimering av alle type grunnlag.

Kjerneboringsutstyr

Skal det bores hull i betong? Me har eit robust kjerneboringsutstyr for boring i alle typar betong, med og utan armering.

Bilpark

Voss Hage og Anlegg har ein moderne bilpark, med varebilar i forskjellige størrelsar.

Treng du hjelp til å opparbeide eigedomen?

Me tar gjerne jobben!

Send ein førespurnad via kontaktskjema nedanfor eller ring oss på 902 54 691 for en hyggeleg prat om dine ynskjer og behov.

Voss Hage og Anlegg

    Liavegen 135
      5700 Voss

    902 54 691
   post@vosshage.no